• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Salet i gang i «nye Naustdal» – stadig meir under utbygging

Bygginga av Fjordlandsbyen, det «nye Naustdal», er i full gang. Mange av eigedommane er alt lagt ut for sal, og fleire kjem fortløpande. Her finst bustader og tomter i alle kategoriar og prisklassar.


Medan ein ventar på at makrellen skal kome jagande etter brisling forbi Sæla, er det vel verd å prøve å få ein sjøaure på kroken.

 På Sæla (1) er Norgeshus Naustdal Bygg er i full gang med å støype ringmurar på fleire tomannsbustader og trearbeida startar tidleg i mai 2012. Her er det også full oppstart med bygging av anlegg for vatn og avløp inne i feltet i byrjinga av mai.

 Område (2) litt lenger inne på Sæla er under regulering, og der er planlagt 300 einingar med rekkjehus, blokker og båthamner.

 Oppe i Mallasvika (3) har Dvergsdal & Sunde 11 einebustadtomter og ein tomannsbustad for sal.

 H. Kvame arbeider med tilrettelegging for 8 einingar i (4) øvre Mallasvika.

 I nedre Mallasvika (5) er Gravdalgruppa i gang med å byggje infrastruktur og rasvoll i sitt felt, der dei førebels har lagt ut for sal einebustadtomter og ei bustadblokk ved sjøen.

 I Naustdal sentrum byggjer Stølsvik prosjektet «Hotellhagen» (6) med 25 leilegheiter.

 Eit anna prosjekt i Naustdal sentrum er Kapal Eigedom sitt «Bakstedalen» (7) med 24 leilegheiter. Prosjektet vert starta opp om ikkje lenge.

 Kapal Eigedom har også det  sentrumsnære prosjektet «Brunene» (8) med 4 leilegheiter som også ligg ute for sal.

 Like ved idrettsplassen er den nye idrettsbarnehagen (9) under bygging. Den har seks avdelingar, og opnar 20. august.

Sjå eigedommar til sals

Her på nettsida fjordlandsbyen.no er no dei fleste byggeprosjekta i Naustdal samla og ein kan følgje med på kva som skjer, og kva som vert lagt ut for sal og både nye og gamle eigedommar.

Du kan også følgje utviklinga i Naustdal på facebook/fjordlandsbyen. Les også meir om prosjektet Fjordlandsbyen og om Naustdal kommune.

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune