• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Kristine og Vegard nyt familielivet i Naustdal

– Ingen av oss er typiske bymenneske, så uavhengige av kvarandre var planen alltid å vende tilbake til Sunnfjord etter å ha utvida horisontane i Bergen. Om det vart Bygstad eller Naustdal var ikkje så viktig, men tilgang på tomt i Naustdal var avgjerande.


Sambuarparet Kristine Slettehaug og Vegard Gillestad og borna deira Thalie (2) og Lotta (1) er blant familiane som den siste tida har etablert seg i Naustdal.

Til liks med andre inn- og tilbakeflyttarar i same situasjon har dei lagt vekt kva området og regionen kan tilby dei som familie, som arbeidstakarar og som enkeltindivid med varierte fritidsinteresser.

– Vi har begge alltid drøymt om stort hus og hage, og i Naustdal var dette muleg å realisere. Eg torer ikkje å tenkje på kva huset vårt hadde kosta i til dømes Oslo, seier Kristine. 

Med drøymeheimen på plass, med besteforeldre, onklar, tanter og søskenbarn i nærleiken , ligg tilhøva godt til rette for ein god kvardag for den vesle familien.

Sunnfjord – èin felles arbeidsmarknad

For personar med god utdanning er «den rette jobben» heilt avgjerande for om ein tek steget fullt ut og flyttar til ein ny stad. Med gode utdanningar innan medievitskap/kommunikasjon og informatikk har sambuarparet i Naustdal ikkje hatt utfordringar på arbeidsmarknaden.

– Vi har begge utdanningar som opnar for gode karrieremoglegheiter i Sunnfjord. Eg har jobba seks år i reklamebyrået Inform Media med ulike arbeidsoppgåver innan kommunikasjonsfaget. Eg trivst godt og er glad for at eg kan jobbe med det eg ønskjer, seier Kristine.

Også Vegard er ettertrakta på jobbmarknaden. Han har mastergrad i informatikk, og utviklar webløysingar for energibransjen i bedrifta Elis i Dale – ein jobb han fekk etter å ha vorte kopla med arbeidsgjevaren på ei rekrutteringsmesse i Bergen i regi av Framtidsfylket.

– I Elis er det eit svært godt miljø både fagleg og sosialt, og dei er fleksible i høve arbeidstidsordningar. Dette er difor ei løysing som passar oss bra, seier Vegard.

Full barnehagedekning, fantastisk natur og nærleik til «bylivet» i Førde  

Barnefamiliane i Naustdal gler seg over 100 % barnehagedekning, gode fritidstilbod og lett tilgang til både fjella, fjorden og dei litt meir urbane kvalitetane som Førde kan by på, eit kvarters køyretur unna.

Med utgangspunkt i Naustdal når ein det meste av det fjord- og fjellfylket Sogn og Fjordane har å by på innan ein times køyring. Og i familien Slettehaug/Gillestad står aktiv bruk av naturen i området høgt, anten det gjeld den vesle turen rett ut frå huset eller meir spektakulære og actionprega turar i regionen.

Sambuarparet fortel at fridomskjensla kanskje er den viktigaste årsaka til at dei valde å busetje seg i nettopp Naustdal.

Her rekk den vesle familien fint ein tur på fjorden og i fjellet i løpet av èin dag – utan å ha køyrt ein einaste meter i bil.

– Det å kunne spasere rett ut døra og inn i noko av det beste naturen har å by på, sommar som vinter, er gull verdt og gir ei herleg kjensle. Uansett kor høge fjella er og tronge fjordane er kjenner du deg aldri innestengt i Naustdal, seier Kristine entusiastisk.

I tillegg til eit aktivt friluftsliv set dei vaksne i huset også stor pris på ein god prat med naboen, eller slarving med gode vener på ein av kafèane i Førde.

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune