• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Utbyggingsprosjekta ved Naustdal sentrum

Sæla og Mallasvika er ein viktig del av fjordlandsbyen Naustdal. Områda ligg lunt til ved fjorden, vel ein kilometer frå Naustdal sentrum.

Det er bygd ny veg med separat gang og sykkelsti gjennom heile utbyggingsområdet, som gjev sikker ferdsel for liten og stor til skule og barnehage i sentrum. Området er sørvendt og er frå gamalt av kjent for godt klima. Sjå kva som er til sals nett no: Bustadfinnar.

Edellauvskogen trivst godt i liene utover langs fjorden. Byggjeområda er frodige, og her kan du plukke hasselnøtter i skogen og drive med fruktdyrking i hagen.

kart-saela-mallasvik

1. Sælasteinen
Norgeshus Naustdal bygg er i gang med utbygging av eit område på vel 30 bustadeiningar. Her vert det bygd einebustader og rekkehus. Nokre tradisjonell form og nokre i spennande funkisutforming. Hausten 2012 flytta dei første familiane inn i feltet og barna deira har trygg og funksjonell gangveg heilt til skulen, med flotte veglys inn til sentrum.

2. Øvre Sæla
Grunneigar Roy Sæla har to byggjeområde på eigedomen sin som er avsett i kommuneplanen. Områda ligg over Sælasteinen, men eit flott utsyn over Førdefjorden og kort veg til skogs. Områda er ikkje ferdig regulert. Her er det plass til mellom 30 og 60 bustadeiningar, alt etter korleis ein vel å byggje ut.

3. Nedre Sæla
Dette er kjerneområde i Fjordlandsbyen, heilt nede ved fjorden.  Kommunen regulerer dette området til omlag 300 bustadeiningar i form av blokker, rekkehus og tun. Det vert også lagt opp til massiv utbygging av båtplassar som følgjer bustadprosjekta. Ferdig utbygd vil Sæla bli eit variert bustadområde med alt frå små studioleiligheter til einebustader, og enkel tilgang til fjordlivet og sentrumsfunksjonane i Naustdal. Området vil få eit moderne preg, med miljøbeviste løysingar.

4. Sælakaia
FG Racing driv verksemd på Sælakai med sal av fritidsbåtar. Dei har planar om å byggje ut ei privat båthamn med opptil 100 båtplassar.

Les meir om utbyggingsprosjekta på Sæla.

 

5. Øvre Mallasvika
Opp under dei gamle gardstuna i Mallasvika ligg det to byggjeområde med plass til ca 30 bustadeiningar. Dvergsdal&Sunde AS og H.Kvame AS er utbyggjarar. Halve området er ferdig regulert og tomtene er lagt ut for sal. Resten av området er under regulering. Området vert i hovudsak bygd ut med eine- og tomannsbustader. Områda ligg høgt og fritt langs den kommunale vegen til Kringla gard, med fantastisk utsikt og sol heile året.

6. Nedre Mallasvika
Berre nokre hundre meter frå det populære Sanden-området i Naustdal, og med fjorden som næraste nabo er dette eit unikt prosjekt i Sunnfjord. Gravdalgruppen er utbyggjar og arbeidet på ei bustadblokk er starta opp. bygget vert liggande sørvendt, og har ei fantastisk utsikt som strekker seg frå Naustdal sentrum i aust til Heilefjellet i vest. Nærare fjorden kjem du ikkje, samstundes som klimaet i Mallasvika er kjent som særs lunt og godt. Rett ovanfor ligg det fleire einebustadtomter til sals. Vidare er det fleire areal ledige til rekkehusprosjekt oppover i den lune lia.

Les meir om utbyggingsprosjekta i Mallasvika.

 

Lenger aust, ved Naustdal sentrum ligg:

7. Hotellhagen
Bustadprosjektet Hotellhagen ligg i Naustdal sentrum med utsikt over det flotte bade- og friluftsanlegget Sanden. Her er kort veg til alle sentrumsfunksjoner. Med flott utsikt over Førdefjorden har bygda kort veg til både Førde og Florø. Her får du bilfri veg til både skule og barnehage, samt tilgang til ball- og leikeplass i nærområdet.

Leilegheitene er sjølveigande som varierer i frå storleik 40m2 til 120m2. Til kvar leilegheit føljer det med eigen parkeringsplass samt sportsbod i parkeringskjellaren. På framsida av bygget vil det bli opparbeidd felles grøntareal som bebuarane kan disponere sjølve. Kvar bueining får eigen godt skjerma terrasse, her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime!

8. Bakstedalen
Prosjektet Bakstedalen leigg heilt i sentrum av Naustdalhar har for sal 12 prosjekterte leilegheiter fordelt på tre etasjar med parkering i underetasjen. Storleiken på leilegheitene varier frå 70 m2 til 97 m2. Det er fire leilegheiter med tre soverom, fire med to soverom og fire med eit soverom. Opphaldsromma er romslege og gode, og vi vil påstå at her er noko for einkvar smak. Alle leilegheitene har god balkong i fasaden. Alle leilegheitene har tilgang frå heis i tillegg til trapperom.

9. Brunene
Moderne leiligheiter på 74 kvm i Brunene i Naustdal sentrum rett over Naustdal Barne- og ungdomsskule.. Leiligheitene ligg sentralt i eit etablert boligområde med nydeleg utsikt og kort avstand til sentrum. Barnevenleg beliggenheit med kort avstand til barnehage og skule. Leiligheitene leverast med ildsted, valgfritt mellom gasspeis eller vedovn.

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune