• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Utbyggingsprosjekta på Sæla

Sæla og Mallasvika er ein viktig del av fjordlandsbyen Naustdal. Områda ligg lunt til ved fjorden, vel ein kilometer frå Naustdal sentrum. Det er bygd ny veg med separat gang og sykkelsti gjennom heile utbyggingsområdet, som gjev sikker ferdsel for liten og stor til skule og barnehage i sentrum. Området er sørvendt og er frå gamalt av kjent for godt klima. Edellauvskogen trives godt i liene utover langs fjorden. Byggjeområde er frodige og her kan du plukke hasselnøtter i skogen og drive med fruktdyrking i hagen.

 

1. Sælasteinen

Norgeshus Naustdal bygg er i gang med utbygging av eit område på vel 30 bustadeiningar. Her vert det bygd einebustader og rekkehus. Nokre tradisjonell form og nokre i spennande funkisutforming. Hausten 2012 flytta dei første familiane inn i feltet og barna deira har trygg og funksjonell gangveg heilt til skulen, med flotte veglys inn til sentrum.

2. Øvre Sæla
Grunneigar Roy Sæla har to byggjeområde på eigedomen sin som er avsett i kommuneplanen. Områda ligg over Sælasteinen, men eit flott utsyn over Førdefjorden og kort veg til skogs. Områda er ikkje ferdig regulert. Her er det plass til mellom 30 og 60 bustadeiningar, alt etter korleis ein vel å byggje ut.

3. Nedre Sæla
Dette er kjerneområde i Fjordlandsbyen, heilt nede ved fjorden.  Kommunen regulerer dette området til omlag 300 bustadeiningar i form av blokker, rekkehus og tun. Det vert også lagt opp til massiv utbygging av båtplassar som følgjer bustadprosjekta. Ferdig utbygd vil Sæla bli eit variert bustadområde med alt frå små studioleiligheter til einebustader, og enkel tilgang til fjordlivet og sentrumsfunksjonane i Naustdal. Området vil få eit moderne preg, med miljøbeviste løysingar.

4. Sælakaia
FG Racing driv verksemd på Sælakai med sal av fritidsbåtar. Dei har planar om å byggje ut ei privat båthamn med opptil 100 båtplassar.

 

Visjon for Sæla

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune