• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Utbyggingsprosjekta i Mallasvika

Sæla og Mallasvika er ein viktig del av fjordlandsbyen Naustdal. Områda ligg lunt til ved fjorden, vel ein kilometer frå Naustdal sentrum. Det er bygd ny veg med separat gang og sykkelsti gjennom heile utbyggingsområdet, som gjev sikker ferdsel for liten og stor til skule og barnehage i sentrum. Området er sørvendt og er frå gamalt av kjent for godt klima. Edellauvskogen trives godt i liene utover langs fjorden. Byggjeområde er frodige og her kan du plukke hasselnøtter i skogen og drive med fruktdyrking i hagen.

 

5. Øvre Mallasvika

Opp under dei gamle gardstuna i Mallasvika ligg det to byggjeområde med plass til ca 30 bustadeiningar. Dvergsdal&Sunde AS og H.Kvame AS er utbyggjarar. Halve området er ferdig regulert og tomtene er lagt ut for sal. Resten av området er under regulering. Området vert i hovudsak bygd ut med eine- og tomannsbustader. Områda ligg høgt og fritt langs den kommunale vegen til Kringla gard, med fantastisk utsikt og sol heile året.

6. Nedre Mallasvika

Berre nokre hundre meter frå det populære Sanden-området i Naustdal, og med fjorden

som næraste nabo er dette eit unikt prosjekt i Sunnfjord. Gravdalgruppen er utbyggjar og arbeidet på ei bustadblokk er starta opp. bygget vert liggande sørvendt, og har ei fantastisk utsikt som strekker seg frå Naustdal sentrum i aust til Heilefjellet i vest. Nærare fjorden kjem du ikkje, samstundes som klimaet i Mallasvika er kjent som særs lunt og godt. Rett ovanfor ligg det fleire einebustadtomter til sals. Vidare er det fleire areal ledige til rekkehusprosjekt oppover i den lune lia.

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune