• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Om Fjordlandsbyen

Utsyn frå Kletten ovanfor Naustdal. Fjordlandsbyen blir bygd i området frå og med Hotellhagen i sentrum, og utover langs fjorden til Mallasvik og Sæla til venstre i biletet.

Prosjektet Fjordlandsbyen er eit eineståande samarbeid mellom fem entreprenørar og det offentlege om å skape grunnlaget for meir enn 400 moderne heimar i Naustdal i Sunnfjord.

Felles for alle bustadane i Fjordlandsbyen-prosjektet er at dei ligg i trygge og sunne omgjevnader like ved Førdefjorden. Alle har gangavstand til sentrum i Naustdal, lakseelva Nausta, og friluftsområdet og badelagunen på Sanden (biletet t.h.). Mange av bustadane har endåtil eigen kaiplass for dei som ønskjer det.

Vekstsenteret Førde ligg ti-femten minutt bil- eller busstur unna (12 km), og til Florø tek det ca. 35 minutt (45 km). Begge byane har flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen.

Å køyre med bil til Bergen frå Fjordlandsbyen tek kring 3,5 timar, medan det går litt raskare med hurtigbåten frå Florø. Flyturen tek berre 30-35 minutt uansett om du vel å reise frå Førde eller Florø.

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune