• Nye, moderne og fjordnære bustader i Naustdal

Om Naustdal kommune

Folketalet i kommunen er er ca. 2.700. Høgaste fjell er Sandfjellet, 1.250 m.o.h. Naustdal kommune grensar til kommunane Flora, Gloppen, Jølster og Førde, og vart eigen kommune i 1896. Arealet er 369 km². Midt i Naustdal sentrum ruvar den største kyrkja i Sunnfjord, også kalla ”Sunnfjordkatedralen”.

 

Då nabokommunen Førde i 1965 vart utpeika som vekstsenter og fekk fleire tusen nye arbeidsplassar, så vaks også folketalet i Naustdal. I dag er det svært mange av innbyggjarane i Naustal som jobbar i Førde, berre eit kvarters køfri køyretur unna. I tillegg til arbeidsmarknaden i Naustdal og Førde har dei som buset seg i Fjordlandsbyen mindre enn ein time pendlaravstand til både Jølster, Gaular, Fjaler, Høyanger, Florø – og dermed oljeplattformene i Nordsjøen.

Førdefjorden

Naustdal sentrum og mange av bygdene i kommunen ligg ved Førdefjorden, som er 36 kilometer lang. Fjorden grensar i vest mot Stavfjorden, og i aust ved Førde. Fjorden er ”Nasjonal laksefjord” på grunn av laksebestanden i dei kjende lakseelvane Nausta og Jølstra.

Tusenårsstaden i Naustdal er Sanden like ved sentrum og fjorden, med lagune, badestrand, volleyballbane, badebrygger, gangstiar og småbåthamn. Lenger ute i fjorden ligg Russeneset friluftsområde med rasteplassar, merka stiar og gode fiskeplassar ved Ålesundet – smalaste sundet i Førdefjorden der fisken trivst i dei sterke straumane.

I Frammarsvik ligg luftkampmusèet, som formidlar det store luftslaget over Sunnfjord mot slutten av andre verdskrigen. Lenger ute skipar entusiastar til Vevringutstillinga, som er ei årviss kunst- og kunsthandverksutstilling med høg kvalitet.

 

Lakseelva Nausta

Nausta er det vassdraget i Sogn og Fjordane der det blir fiska mest laks, og har statusen ”Nasjonalt laksevassdrag”. Elva munnar ut ved sentrum, og har prega landskapet i den lange dalen innafor sentrum med sine vakre fossefall.

Elva er godt kultivert, og har gjennom alle generasjonar bydd på eit rikt laksefiske, frå dei engelske lakselordane som byrja å fiske i elva på slutten av 1800-talet, til våre dagars mangemillionærar. Forretningsmannen John Fredriksen er blant dei som har bidratt med midlar til arbeidet med å halde oppe ein god laksestamme.

 

 

Kunstnarar og idrettsfolk

Få idrettslag i fylket har fostra så mange idrettsfolk på nasjonalt toppnivå som Tambarskjelvar i Naustdal. Hekkeløparen Håkon Fimland og Stian Grimseth og andre vektløftarar har vore grossistar i nasjonale meisterskapstitlar, og volleyballjentene har sanka gull og ære.

Dei særmerkte biletkunstnarane Kjartan Slettemark og Oddvar Torsheim har vakse opp i Naustdal, og i Vevring skipar bygdefolket årleg til ei kunstmønstring som vekkjer nasjonal merksemd. På Sanden er det sett opp ein stor figur kalla «Budeia» (biletet t.h.), laga av Kjartan Slettemark.


Kjelde:

NRKs fylkesleksikon

Desse byggjer Fjordlandsbyen:

GravdalgruppaDvergsdal & SundeNorgeshus Naustdal ByggH. KvameKapal EigedomNaustdal kommune